Standalhytta

Standalhytta høver for selskap med inntil 50 personar. Det er Aalesund skiforening som eig henne, og ho ligg perfekt til for dei som ynskjer å ta turar i det flotte landskapet, anten det no er sommar eller vinter, vår eller haust.

Romstandarden er god. Dei fleste roma er moderne, men hytta har framleis nokre originale rom frå utbygginga rett etter krigen, men med breiare senger. Totalt har hytta 60 sengeplassar, fordelte på nokre få tomannsrom, eitt tremannsrom, og fleire fire- og femmannsrom. Der er seks doble senger. Romet «Åtte syd» er for grupper på inntil åtte personar.

Det er dyner og puter i alle sengene, men alle som skal overnatte, må ha med eige sengety til å trekkje over. Lakenpose/sovepose går også greitt.

Wi-Fi

 

+47 922 83 460

 

Foto: Aalesunds skiklub

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.