Irenegarden

Irenegarden leiger ut to einingar i landlege omgjevnader på Lauvstad. Utsikta over fjorden er magisk. På markene rundt garden beiter inngjerda dyr. Her kan du nyte landleg idyll på sitt beste.

Kanskje det kan freiste med eit friskt morgonbad i sjøen? Den private stranda ligg berre 100 m unna.  Tilhøva for fotturar, sykling og fiske er gode. Sjølv om staden ligg landleg til, er det likevel sentralt for småturar til mange flotte attraksjonar, som t.d. Geiranger, Ålesund, Runde, Hakallegarden, Måløy eller Selje.

Du kan leige båt, og redningsvestar får du låne gratis.

Begge utleigeeiningane har innandørs vedfyring og elektrisk oppvarming, utegrill, Wi-Fi,TV med norske og utanlandske kanalar, gratis privat parkering og utlån av syklar.

Du kjem til oppreidde senger og eit sett handkle pr. person. Dette blir supplert ved behov. Utvask er inkludert i prisen.

Du kan velje mellom panoramaleilegheit eller feriehus.

Minimumsopphald er fire dagar.

Næraste flyplass er Ørsta/Volda lufthamn, 16 km unna.

Vertskapet snakkar norsk, engelsk og tysk.

Tlf. +47 908 95 853/ +47 415 13 719

Foto: Irenegarden

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.