Steinsvik Fjordhytter

Steinsvik Fjordhytter er ei lita familiebedrift inst i Dalsfjorden i Volda. Sidan 1994 har vi drive med utleige av hytter og båtar til turistar og næringsliv.

«Hamna»er den nyaste hytta i Steinsvik Fjordhytter. Plassert heilt i sjøkanten kan du bokstaveleg tala fiske middagen rett frå den romslege terrassen. Her kan du også nyte solrike dagar med utsikt til fjord og fjell. På mindre varme dagar passar det kanskje betre å kople av med ei god bok framfor vedomnen i stova.

‍«Neset»er ei større hytte, som er perfekt for ferie med familien eller for fisketur med vennegjengen. Her er god plass til å slappe av, om det så er innandørs i den velutstyrte hytta, utandørs på terrassen, eller i utestova med peis og varmelampar. Frå den vedfyrte badestampen kan du nyte utsikta mot fjord og fjell, uansett temperatur og årstid. Gjester i begge hyttene har tilgang til Steinsvik Fjordhytter sin private marina med flytebrygge. Det er mogleg å leige17-fots båtar med 40 hk påhengsmotorar og ekkolodd. Begge hyttene er fulltutstyrte med alt du treng for ein kort eller lang ferie: TV, fiberinternett,stereoanlegg, kvitevarer, djupfrysar og meir. Steinsvika er ei roleg bygd med gode forhold for fiske i fjorden. Det kan også vere ein fin base for utforsking av Sunnmøre.

Tlf. + 47 900 74 785

Foto: Kjell Arne Steinsvik





Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.