Festspela
Under Dei nynorske festspela yrer det av liv i Ivar Aasen-tunet. I amfiet er det opningshøgtid, underhaldning, pop-, rock-, og folkemusikk; eller jazzkonsertar, barneteater, gudsteneste og stemne. Utekaféen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker. I salen er det teaterframsyningar, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Utstillingane er opne, og butikken har gode tilbod. Desse dagane kan alle finne noko for seg i tunet.
Tlf. +47 700 47 570
Foto1: Svein Olav Humberset, foto2: Simon Sjølvist
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470