Trandal Countryfestival
Countryfestivalen er eit årleg arrangement der artistar frå inn- og utland underheld eit feststemt publikum med fengjande countrymusikk. Arrangementet høver for deg som er entusiast eller for dei som ynskjer å oppleve den magiske stemninga berre Christian Gaard kan tilby.
Det er mogleg å leggje til med båt, og det er båttransport frå Sæbø, Ålesund, Hundeidvik eller Standal. Ein kan også ta med bubil eller campingvogn med ferja frå Ytre-Standal, telte eller leige rom (avgrensa tal på plassar). På Sæbø er det fleire overnattingstilbod.
Trandal bygdetun/båtskyss
Tlf. +47 975 28 169
Foto: Trandal Countryfestival
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470