Volda kyrkje
Halkjelsvik, no sentrum i tettstaden Volda, var kyrkjestad alt kring år 1200. På 1400-talet stod her ei stavkyrkje. Ho vart påbygd fleire gonger til ho vart nedriven i1858 og erstatta av ei ny krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største trekyrkjene i landet. Ho brann natt til 7. april 1929. Ikkje noko av det til dels svært gamle inventaret vart redda.
Den noverande kyrkjastod ferdig i 1932.
Ho vart reist etter teikning av arkitekt Arnstein Arneberg. Koret er pryda av eit freskomåleri av Hugo Mohr. Det biletet, som den gongen var det største freskoarbeidet i Noreg, stod ferdig til juli 1932. Det er 800 sitjeplassar i kyrkja.
Kjelde: Wikipedia
Tlf. +47 488 94 147/+ 47 63 549
Foto: Matheo Baratella
Opplevingar
No items found.
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470