Vatnevatnet-Nakkestranda
Det finst fleire stader langs Vatnevatnet der ein kan bade. Rett ved Vatnevegen er det eit sanitæranlegg. Badeplassen nedanfor er tilrettelagt med H/C-rampe. I sanitæranlegget er det toalett for rullestolbrukarar. Det er også ei strand med bryggje i austenden av vatnet.
Foto: ØNK
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470