Hornindal skisenter

Slalåm, langrenn.

Skibakkane tek utgangspunkt i det 1487 meter lange T-kroktrekket, eit av dei lengste i Noreg. Der er to preparerte hovudnedfartar på 1650 meter: Fossehenget på vestsida og Tverrløypa på austsida. Fleire parallelle skiløyper og ulike avstigingar gir deg eit stort utval av alternativ og vanskegrader. Her er  store område eigna for frikøyring, og her er eit godt utgangspunkt for mange ulike toppturar.

Hornindal Skisenter blir rekna for å vere eit av dei mest snøsikre i  regionen, og kombinert med snøproduksjon sikrar dette ein god skisesong for gjestene våre. Her er godt preparerte turløyper og langrennsløype. Sjå heimesida.

Turen til Bruasætra går i slakt og barnevenleg terreng og er ein fin søndagstur for familien. Du kan late turen gå vidare til neste stikk-ut- post på Storesætra. Dersom du synest turen til Bruasætra er lang nok, kan du snu og gå tilbake til skisenteret. Tur-retur er løypa 9,7 km lang.

Du kan starte ved Hornindal skisenter og fylgje løypa til venstre og rettfram når du går ut av lysløypa. Du går vidare mot Bruasætra ved å fylgje merka.

Parkering ved Hornindal skisenter mot parkeringsavgift.

Hornindal skisenter tilbyr utleige av alpin- og snowboardutstyr.

Tlf. +47 906 77 225

Foto 1 og 3-7: Bengt Flaten, foto2 :  Sara Furier Hauge

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.