Hustadnes Fjordhytter
Hustadnes fjordhytter ligg ved Hjørundfjorden på Sunnmøre blant dei mektige Sunnmørsalpane. Dette er staden for den som liker fiske på fjorden, laksefiske i Bondalselva, turar i dei majestetiske Sunnmørsalpane eller berre å ta livet med ro og nyte naturen. Som gjest på ei av hyttene våre kan du teste "natur-Spa`en", som består av badestamp på bryggja i tillegg til sauna, gjerne i kombinasjon med eit friskt sjøbad.
Dei 2 største hyttene kan du leige heile året, dei mindre hyttene kan du leige i sesongen mellom 01/04-30/09.
Hustadnes Fjordhytter har eiga båtham. Ved hyttene ligg to fiskepirar, og i båthamna ligg 7 båtar til leige. Storleiken på båtane er 14-18 fot og alle har motorar frå 5–30 hk. Redningsvestar fylgjer med.
Hjå Hustadnes Fjordhytter kan du leige badestamp og sauna heile året. Dette kan du tinge på heimesida. Du har då to og ein halv time med oppvarma badestamp og sauna med tilgjenge til dusj og toalett. Det er også grillplass og gapahuk, der du kan grille og nyte maten. Det er fint å ta med familie og vener til ei rolig og god oppleving med utsikt over dei flotte fjella i Hjørundfjorden.
+47 416 63 337/+47 915 77 574