Frå tare til tind

Spill av film fra ØrstaVolda
Hjørundfjorden
Spill av film fra ØrstaVolda
Vår ved Hjørundfjorden
Spill av film fra ØrstaVolda
Vinter ved Hjørundfjorden
Spill av film fra ØrstaVolda
Haust ved Hjørundfjorden
Filter
Kategorier
Lokasjoner
Sesonger
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

4 gode grunnar til å besøke oss

Natur, kultur og dei gode opplevingane står i kø når du besøker Ørsta/Volda. For familiar finn du flust av aktivitetar, og for deg som ønsker naturopplevingar er dette "Mekka"!
01.

Natur

I Ørsta/Volda blir du omslutta av vakker natur frå alle kantar. Sjøen, fjella, eit uttal med turstiar og gapahukar der du kan nyte brødskiva eller grille pølser før du inntek zen-modus i medbrakt hengekøye.  
02.

Kultur og matkultur

Her kan du meske deg med kortreist og lokalprodusert mat og drikke i omgjevnader med minner frå svunnen tid. Området byd også på alt frå museum og gamle båtbyggjartradisjonar til musikkfestivalar i ulike sjangrar.
03.

Familieopplevingar

Aktivitetsparkar, ridesenter, pumptrackbaner, båttur, leige båt eller på vinterstida besøke eit av dei flotte skisentera i området. For dyreglade er gardsferie eit alternativ der du kan bu tett på dyra og plukke egg til frukosten.
04.

Alpine fjelltoppar

Sunnmørsalpane overgår det meste av fjelltoppar, og er i ei klasse for seg sjølv. For deg som er toppturentusiast er dette paradis! Det er alltids ein ny fjelltopp å bestige, sommar som vinter.

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.