Elektrisk rib-båt, Hornindalsvatnet
Frå hotellkaia ved Havila Raftevold Hotel kan du nyte ein herleg Rib-tur på Nord-Europas djupaste innsjø. Hornindalsvatnet har ei spanande historie og storslått natur. Som passasjer kan du bli med på ei oppleving der du får suse langs høge fjell på det meir enn 500 meter djupe vatnet. Sjølvsagt med innlagde stopp, der du får høyre om området, vatnet og sjøormen. Båten har plass til tolv passasjerar. Ein tur varer i 50-60 min.
Tilbodet er tilgjengeleg mellom 1. juni og 31. august.
Tinging på e-post til resepsjon.raftevold(at)havila.no eller direkte på Bonseye
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470