Volda jeger- og sportsfiskarlag båtutleige
Ved naustet til Volda jeger- og sportsfiskarlag, rett ved badestranda på Årneset, kan ein leige robåt. Medlemmer i Volda Jeger og sportsfiskarlag eller andre Jeger og sportsfiskarlag kan bruke båtane gratis, og alle kan bli medlem.
Den raude båten kan leigast av andre. Den grå båten inngår i ordninga 1 nøkkel - 100 båtar.
Det er fritt fiske etter aure med stang og oter i vatnet. Garnfiske berre etter avtale med grunneigar. Laks og sjøaure skal setjast ut att.
Foto: ØNK
Turistinformasjon
Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
+47 913 67 470